Tjorehagens Venner

Bli med  i Tjorehagens Venner !         

Olav R. Tjore sitt eineståande hageanlegg på Radøy treng
hjelp frå hagevenner frå heile landet ! Gjennom åra har tusen på tusen henta glede og inspirasjon i denne heilt spesielle hagen !

Helsa til Olav svikta desverre dei siste åra, og han var ikkje i stand til å arbeida i hagen. Våren og forsommaren 1998 vart den siste der Olav fekk oppleva hagen i sin fulle blomsterprakt. Olav døde i november 1998. Olav ville at andre òg skulle få oppleva og kjenna gleda ved å vandra i den fantaiske
naturhagen han skapte på Radøy.

Venneforeninga vart stifta i 1996 for å hjelpa Olav med å å utvikla og halda hagen vedlike. Venneforeninga hadde  i 2005  ca  250 medlemmer , i 2017 er antallet  200 medlemmer.

Ein  treng fleire medlemmer !
Medlemskontingent som kjem inn går til ulike prosjekt i hagen.

Venneforeninga  deltek  på 1-2 dugnader i året,
og arrangerer saman med Stiftinga Tjorehagens dag kvart år.

Olav oppretta i 1997 ei privat stifting som no eig og  har har ansvar for drift  og vidareutvikling  av  hagen .

Stiftinga sitt styre har sidan 1998 stått  for den  daglege drifta av hage.

Medlemsfordeler:

* Høve til å støtta eit unikt arbeid

* Gratis adgang til Tjorehagen heile året !

* Tjorehagensdag   – medlemmene sin dag med bl.a.hagevandring, konsert og  planteauksjon.

Medlemskontingent
kr
250  i året enklet medlem
kr 350,- familie

Vil du bli medlem ta kontakt med:
Hans Egil Storheim tlf 95931280  ( kasserar)
eller
Formann i Vennforeninga er Kjetil Tjore
Tlf.  92209916 / 56350092

Bedriftsmedlemskap:
Bedrifter kan og vera med å støtta hagen gjennom eit bedriftsmedlemskap.
Vi arrangerer eigen sponsordag kvart år der  alle bedrifter med tilsette er invitert til hagen. Ta kontakt for nærare info.

Torhild Kvingedal tlf. 95158756  .

 

Adressa til Tjorehagen er :
STIFTINGA TJOREHAGEN
Radøy vegen 550 , 5938 Sæbøvågen,

 tlf. 95158756 / 56 37 10 40 /56 37 11 45

e-mail: post(a)tjorehagen.no