Stiftinga Tjorehagen

STIFTINGA TJOREHAGEN
Olav Tjore oppretta i 1997 Stiftinga Tjorehagen,
som han testamenterte livsverket sitt til.

Stiftinga har sidan 1998 eigd og stått for drift og vidareutvikling av hagen.

Styret i Stiftinga Tjorehagen:

Torhild Kvingedal (leiar)    tlf. 95158756
Kari Evensen Natland
John Petter Havnerås tlf. 56 37 10 81
Bjørn Moe
Gunnbjørg Øyre 56 52 63 14

Det er styret i Stiftinga Tjorehagen som står for den daglege drifta  av hagen.

Stiftinga  ynskjer å vidareutvikla Tjorehagen både i storleik og omfang, samt å tilretteleggja for drift ein større del av året og betra publikumsfasilitetane.
Målet er at avkastninga av minnefondet skal bidra til dette. Til no er ein stor del av arbeidet med hagen gjort på dugnad.

Etter at Olav Tjor døydde er det alt gjennomført ei vesentleg utbygging i hagen.
Radøy kommune har gått inn med ein halv million kroner og sikra tilfredstillande avkøyring og parkering.

I 2001 satsa stiftinga sjølv kring 400.000 kroner i tilfredstillande toalett og oppgradering av kaféen. Det er no godkjend av Næringsmiddeltilsynet.

I Olav Tjore sitt hus er dei to stovene pussa opp til eit av Nordhordlands mest spesielle kunstgalleri.

Dessutan har stiftinga kjøpt inn 16 nye mål mot sør til framtidig utviklinga av hagen. Med det nye arealet er hagen oppe i ein storleik på om lag 40 mål.

Ynskjer nokon å bidra til Olav Tjores Minnefond kan
ein ta kontakt med styret i Stiftinga  Tjorehagen,
ved
Torhild Kvingedal (leiar)    tlf. 95158756
Kari Evensen Natland
John Petter Havnerås tlf. 56 37 10 81
Bjørn Moe
Gunnbjørg Øyre 56 52 63 14

 

Vi treng fleire som vil  støtta arbeidet med Tjorehagen !

 

OLAV TJORES MINNEFOND

Eit bidrag på 250.000 kroner frå Sparebank1Vest og eit bidrag frå Radøy kommune på kr 500.000  utgjorde startskotet for OlavTjores Minnefond.

Styret for Stiftinga Tjorehagen   oppretta fondet i 2002  for å skapa betre grunnlag for vidare drift og utvikling av hagen.

I første omgang er det avkastninga av fondet som skal brukast til å driva og utvikla hagen.
Målet er å opparbeida eit fond på minimum 3 millionar kroner i løpet av 4-5 år.
Når drifta av hagen også kan forsvara ein dagleg leiar,vil styret i stiftinga også kunna vurdera å nytta fondet til nye investeringar i hagen.

Stiftinga har naturleg nok motteke dei store bidraga frå Sparebank1Vest og Radøy kommune  med stor glede.

No går styret ut og utfordrar bedrifter, både i Nordhordland og
Bergen, om å å bidra til å byggja opp fondet. Også privatpersonar som ønskjer det, kan støtta fondet. Alle bidrag vert naturleg nok mottekne medtakk.

Sparebank1Vest viser i grunngjevinga til at Tjorehagen er ein av dei mestbesøkte attraksjonane i Nordhordland,
«Hagen er så unik at han vert samanlikna med Monethagen i Paris når det gjeld sjarm, variasjon og intimitet. Tjorehagen er eit resultat av OlavTjore sin innsats gjennom eit heilt liv», heiter det i grunngjevinga.

Sparebank1Vest meiner at opprettinga av Olav Tjores Minnefond vil medføra ein betydeleg meirverdi både for Tjorehagen, men også for resten av regionen gjennom auka verdiskaping form av turisme og fleire arbeidsplassar. Som bidragsytar i fondet vil banken også kunna profilera sine kjerneverdiar og lokale forankring.