Olav Tjore

Tjorehagen  
Rhododendronhagen på Radøy  –  Livsverket til naturkunstnaren Olav Tjore

 Tjorehagen er livsverket til Olav Tjore, ein hage dei fleste kjem tilbake til gong etter gong etter først å ha vore der.

I 1960 starta det årelange arbeidet med å omforma myr og utmark til ein prydhage kjend også utanfor Norges grenser

Leplanting gjorde hagen til ein lun oase som gav gode forhold for sjelden planter. Klimaet og den sure jorda gjorde hagen særleg eigna for Rhododendron.


Nøkketjørn
I løpet av 15- 20 år grov Olav ut den fine  dammen Nøkketjørn. Alt arbeidet i hagen gjorde Olav med handemakt.
Sjølv etter han vart sjuk i 1995, held han entusiastisk fram og fekk hagen utvida med fem nye mål.
Draumen vart eit stort vannanlegg med ei steinbru.
Desverre fekk han ikkje sjølv arbeidd så mykje i hagen pga. sjukdommen, men han fekk oppleva å sjå brua stå ferdig  sommaren  1998.
Olav  gjekk bort 3/11 1998. Livsverket som han jobba med i 38 år lever vidare.
Steinbrua – som bind saman den gamle og den nye hagen, er tørrmurt  etter gamal metode  med låsestein. Muringa av brua vart gjort  av   Arvid Registad og John Petter Havnerås.

Stiftinga Tjorehagen
Olav Tjore oppretta i 1997 Stiftinga Tjorehagen, som han testamenterte livsverket sitt til.

Stiftinga har sidan 1998 eigd og stått for drift og vidareutvikling av hagen. Styret står også for den daglegdrifta i hagen.

Styret i Stiftinga Tjorehagen:
Torhild Kvingedal (leiar)    tlf. 95158756
Kari Evensen Natland
John Petter Havnerås tlf. 56 37 10 81
Bjørn Moe
Gunnbjørg Øyre 56 52 63 14

STIFTINGA TJOREHAGEN
5938 SÆBØVÅGEN
Tlf.  95158756 / 56 37 10 40 

e-mail : post (a)tjorehagen.no