Arkiv 2006 – 2009

23.april 06 – Det er ein sein og kald vår så langt, og blomstringa er nettt komen igang i hagen – Rh. barbatum og ein del hybridar på Rhododendronhøgda blomstrar no fint.
Vi har observert noko skade på enkelte planter pga. den langvarige frosten  i mars/april – tele i jorda kombinert med sol og blå himmel kan ofte gje uttørkingsskade/både på blad  og røtter. Men forløpig har vi ikkje observert dei store skadene.

Vi har gjort eit stort arbeid med trefelling og rydding på plantesal / kafe området i hagen. Vi skal groveplanera området no i vår og nytta området som vi har gjort tidlegare.
Til hausten / neste vår vil ferdigstilla området med nytt plantesal m.m.

Vi ynskjer nye og gamle besøkande hjarteleg velkommen til ein ny sesong i hagen !