Fakta om Tjorehagen:
* Ca 15 mål stor naturhage påbyrja av Olav Tjore i 1960.
* Stiftinga Tjorehagen har i dag eit areal på ca 40 mål.
I delar av det nye arealet har ein byrja rydda skog og laga stiar og planta .
* Ein stor og fleire små dammar. Idylliske stiar, som delvis er tilrettelagt for rullestolbrukarar.
* I alt kring 2000 tre og buskar. Av dette opp mot 400 ulike Rhododendron typar, av desse fleire arter som er sjelden i skandinavisk samanheng.
* Kring 20 fuglearter hekkar i hagen.
* Ei steinbru ferdiggjort sommaren 1998 knyter saman den nye og den gamle delen av hagen.
* Hagen har ei eiga Venneforeing med kring 250 medlemmer. Hagen er i dag eigd og dreven av Stiftinga Tjorehagen.
* Hagen ligg sør i Radøy kommune, tett ved Rv 565. Etter Nordhordlandsbrua tek ein mot Radøy i Isdalstø krysset. Ein heldt fram over Alversund-brua, og ca 5,5 km nordover mot Manger finn ein hagen.