Arkiv 2015 – 2023

Tjoehagen 2023
28.mai kl 12 – 16 – Tjorehagens dag
Nordhordland Kunstlag har utstilling i hagen

Ingebjørg Opheim Gilberg vil presentere og selge boka:
En eventyrlig reise.
Rhododendronekspedisjon til Yunnan i Kina 1997

Tjorehagen
Ein fredeleg oase med hundrevis av Rhododendron, eksotiske buskar og tre, idylliske stiar, fuglesong, dammar og ei vakker gråsteinsbru.

Tjorehagen er livsverket til Olav Tjore, ein hage
dei fleste kjem tilbake til gong etter gong etter
først å ha vore der.
Hagen egner seg godt for ein dagstur saman
med familie og venner, for pensjonistgrupper,
lag og organisasjoner.
Hagen er i dag eigd og drifta av Stiftinga Tjorehagen.

Boka  om Tjorehagen kan kjøpast i hagen,  kr 300

Stad : Hagen ligg sør på  Radøy i  Alver  kommune, tett ved Rv 565. Etter Nordhordlandsbrua tek ein mot Radøy i Isdalstø krysset. Ein heldt fram over Alversund-brua, og ca 5,5 km nordover mot Manger finn ein hagen.

Info og spørsmål ring gjerne Kåre Vetås
tlf. 92869033 / 95158756

Alle er velkommen til å besøka hagen og gå på eigenhand i opningstida april til september
kl 9.00 til kl 20.00.
Vi tek i mot grupper for guiding og lett servering frå 8.mai, etter avtale, ring tlf. 92869033

Tjorehagen vil vera betjent og ha open kafe:
30.april  kl 12- 16   – Sesongopning, omvising
 21.mai  kl 12 – 16
28.mai  kl 12 – 16  –  Tjorehagendag
Nordhordland Kunstlag
4.juni    kl 12 – 16
11.juni kl 12- 16
18.juni   kl 11 -16  Friluftsgudsteneste

Treng du lokaler til møter / selskap leiger vi ut hytta. sjå info om utleige.

Flott om de vil støtta hagen ved å betale inngangspengar  !
( Vipps nr 110032 , bankkonto : 3632.50.82725, eller kontant).
Info om dette finn de i hagen.

Tjorehagen 2020
På grunn av Corona situasjonen har ikkje hagen faste tider der den er betjent.

Alle er velkommen til å besøka hagen og gå på eigenhand i
 i opningstida  kl 9.00 til kl 20.00.

Ein må retta seg etter gjeldane smittereglar.

Tjorehagen vera betjent og ha open kafe:


31.mai  kl 12– 16  –
7.juni    kl 12- 16
14-juni   kl 12 -16
21.juni    kl 12 – 16 Gudsteneste 11-12 –

Flott om de vil støtta hagen ved å betale inngangspengar !

( Vipps nr 110032 , bankkonto : 3632.50.82725, eller kontant)  Info om dette finn de i hagen.

Velkommen  til ein god tur i Tjorehagen !

Program frå 2019:

Felles dugnadsdager saman med Venneforeninga :

Laurdagane 13. april, 20. april, 27. april     
frå kl 10 .
Ta gjerne kontakt med Kåre Einar Vetås
tlf 92869033  om du vil vere med.
Ta med rive,hagesaks  om du har og møt opp 🙂
(Kom gjerne om du ikkje har rive og hagesaks også 🙂

Sesong opning i hagen 5.mai kl 12 – 16

12.mai. er hytta utleigd til konfirmasjon, og det vert ikkje open kafe.
Men hagen er open 12 – 16 med omvising mm. og evt. enkel uteservering om veret er bra.

19.mai  12 – 16  Open hagen, omvising og kafe

Tjorehagen dag  26. mai kl 12 – 16
Venneforeninga og sponsor bedriftene sin dag –
med foredrag, planteauksjon, omvising mm
Gratis adgang for medlemmer i Venneforeninga og Sponsor bedrifter.

2 .juni – kl 11 – 12
Friluftsgudsteneste i hagen
12 – 16 – Omvising og open kafe.

Program 2018:

Laurdagane 14. april, 21. april, 28. april
Ta med rive,hagesaks  om du har og møt opp 🙂
(Kom gjerne om du ikkje har rive og hagesaks også 🙂

Sesong opning i hagen 6.mai kl 12 – 16

6.og 13.mai. er hytta utleigd til konfirmasjon, og det vert ikkje open kafe.
Men hagen er open 12 – 16 med omvising mm. og evt. enkel uteservering om veret er bra.

20 .mai  12 – 16   Pinse – Open hagen, omvising og kafe

28 .mai – kl 11 – 12
Friluftsgudsteneste i hagen
12 – 16 – Omvising og open kafe.

3.juni Tjorehagen dag  12 -16
Boklansering ny bok om Tjorehagen
v/ Olav Marås
Plantelotteri
Omvising
Plantesal
Kafe
Venneforeninga og sponsor bedriftene sin dag –
med foredrag, planteauksjon, omvising mm
Gratis adgang for medlemmer i Venneforeninga og Sponsor bedrifter.

Program 2017

Felles dugnadsdager saman med Venneforeninga :

Laurdagane 1. april, 8. april, 22. april og 29. april
Ta med rive,hagesaks  om du har og møt opp 🙂
(Kom gjerne om du ikkje har rive og hagesaks også 🙂

 Sesong opning i hagen :
Søndag 30.april   kl 12 -16

Omvising, servering, plantesal mm

21 .mai  – kl 11
Friluftsgudsteneste i hagen

28  mai – Tjorehagens dag
kl 12 – 16
Venneforeninga og sponsor bedriftene sin dag –   med foredrag, planteauksjon, omvising mm
Gratis adgang for medlemmer i Venneforeninga og Sponsor bedrifter.

Velkommen til JONSOK feiring i Tjorehagen

 23. juni klokka 18 til 22
Ta gjerne med grillmat.

Hagen stiller med grill og utstyr.
Alkohofritt arrangement.
Kafeen er open med sal av
rømmegraut, alkoholfritt øl, brus, is og kaffi.
* Levande musikk.
Det meste av Radøybæljen spelar opp til konsert frå klokka 20.00

Jonsok med grilling, graut  og musikk i Tjorehagen

Dei som vil, kan i år nyta jonsok-kvelden med heimelaga rømmegraut, grillmat og levande musikk i Tjorehagen.
Tjorehagen jonsok

* 25-30 prosent avslag på alle plantar i planteutsalet.
* Tak over hovudet.

Er vêret ikkje det beste, byr hagen på tak over hovudet i trivelege lokale, i kafeen,
huset og partytelt.

Velkommen til ein hyggeleg jonsokkveld
for godt vaksne !
For meir informasjon ring  95931280.
Billett kroner 100,-
(også for medlemmer i venneforeininga).

  • Veret vil naturleg nok spela inn på oppmøtet, men hagen har også tak over hovudet i trivelege lokale, påpeikar Rune Tjore og Hans E. Storheim.
  • Tjore, som hagen sin stiftar Olav Tjore var onkel til, har tatt på seg å diska opp med heimelaga rømmegraut. Den kan kjøpast i kafeen.
  • Dei som vil grilla, kan ta med seg råvarer og bruka grillar som hagen stiller til disposisjon.
  • Tilbod for «godt vaksne»

Hans E. Storheim, medlem i styret for venneforeninga, trur det nye tilbodet i hagen vil treffa ein del «godt vaksne», både på Radøy og andre stader.

  • Målet er å få ut dei som ofte vert sitjande heime. Samstundes er det truleg ein del som er ute på lokale arrangement som kan få med seg siste delen av samlinga i Tjorehagen, med konsert og gjerne ein tallerk rømmegraut, seier Storheim.
  • Årets nye arrangement på Radøy er alkoholfritt og vert arrangert av venneforeninga i samarbeid med stiftinga som eig og driv hagen.

Utebord
Arrangørane vil leggja seg i selen for at dei som kjem skal få nokre hyggelege timar.
Utan nedbør kan folk kle seg for å sitja ved uteborda i kafe-området. Der kan dei altså velja mellom å nyta medbrakt grillmat eller heimelaga rømmegraut frå kafeen, eventuelt begge delar!

  • Hagen er uansett klar med ein stor og nokre mindre grillar, pluss det som trengst av grillustyr, tallerkar og bestikk, opplyser Storheim og Tjore.

Lokale spelemenn
Litt utpå kvelden er det levande musikk ved tre av fire i den lokale gruppa «Radøybæljen»:John Bauge, Ivar Thorsheim og Magnar Kartveit vil ha vel ein halvtimes konsert ved kafeen.

  • Det var kjekt å få på plass lokale spelemenn. Me føler at dette er rette gjengen til å spela den musikken mange godt vaksne likar å høyra. Skulle nokon ikkje klara å halda dansefoten i ro, finn dei sikkert plass for ein svingom. Men hagen har så langt ikkje funne plass for ei danseplatting! smiler Storheim.

Tak over hovudet
Tilseier veret det, kan dei som vil finna seg plass anten under eit partytelt, i kafeen eller i huset til Olav Tjore. Både kafeen og huset er siste åra oppussa, og har totalt plass til vel 50 personar rundt småbord.

  • Hagen har siste åra hatt fleire konfirmasjonar og runde dagar, og det er kapasitet for fleire slike samlingar. Elles er håpet at jonsok-arrangementet i år kan gje ei ekstra inntekt til drift og utvikling av hagen. Med godt oppmøte kan dette fort verta ein tradisjon, seier Hans E. Storheim.

   ————————————————————————————–

Program for 2016
Felles dugnadsdager saman med Venneforeninga :
Laurdagar :  10.,17., 24. .april, kl 10 til 14
ta med rive,hagesaks og møt opp.

 Sesong opning i hagen :

Søndag 15.mai kl 12 -16
Omvising, servering, plantesal mm

22.mai – Tjorehagens dag
kl 12 – 16
Venneforeninga og sponsor bedriftene sin dag –   med foredrag, planteauksjon, omvising mm
Gratis adgang for medlemmer i Venneforeninga og Sponsor bedrifter.

29.mai  – kl 11
  Friluftsgudsteneste i hagen

Olv Tjores Minneløp vert desverre ikkje arrangert i år.

——————–

ARKIV  2015 :

21.juni – kl 13  2015
Løp og turmarsj på 5 kilometer
Søndag 21. JUNI  kl. 13.00.
Start og mål  i Tjorehagen

Olav Tjore (1930 – 1998) hadde
2  verkeleg store interesser
gjennom heile livet.
Det eine var hagen, som i 2010
kunne feira 50 års-jubileum.
Det andre var løp og trening.
No kan du kombinera begge desse.
Løypa går på skogssti, gangsti og
lite trafikkert veg.

Her finn du kart over løypa i 2011

Etter marsjen er det omvsing i hagen for dei som ynskjer –  ca kl 1500 – og kl 16.

Kafen  er open md sal av kaffe, vafler og is mm
Plantesal

Arr: Stiftinga Tjorehagen
og Tjorehagens Venner

Velkommen !

Kåre E. Vetås
Tlf. 92 86 90 33 / 56 37 10 40.
post@tjorehagen.no