Velkommen til Tjorehagen

Vis side

Tjorehagen 2025

Eventyrhagen på Radøy i Nordhordland

 

Tjorehagen
Ein fredeleg oase med hundrevis av Rhododendron, eksotiske buskar og tre, idylliske stiar, fuglesong, dammar og ei vakker gråsteinsbru.

Tjorehagen er livsverket til Olav Tjore, ein hage
dei fleste kjem tilbake til gong etter gong etter
først å ha vore der.
Hagen egner seg godt for ein dagstur saman
med familie og venner, for pensjonistgrupper,
lag og organisasjoner.
Hagen er i dag eigd og drifta av Stiftinga Tjorehagen.

Boka  om Tjorehagen kan kjøpast i hagen,  kr 300

Ingebjørg Opheim Gilberg si bok
En eventyrlig reise.
Rhododendronekspedisjon til Yunnan i Kina 1997
kan også kjøpast i hagen.

Stad : Hagen ligg sør på  Radøy i  Alver  kommune, tett ved Rv 565. Etter Nordhordlandsbrua tek ein mot Radøy i Isdalstø krysset. Ein heldt fram over Alversund-brua, og ca 5,5 km nordover mot Manger finn ein hagen.

 Info og spørsmål ring gjerne Kåre Vetås
tlf. 92869033 / 95158756

Alle er velkommen til å besøka hagen og gå på eigenhand i opningstida april til september
  kl 9.00 til kl 20.00.
Vi tek i mot grupper for guiding og lett servering , etter avtale, ring tlf. 92869033

Hagen er betjent  og har open – kafé
11.mai  kl 12 – 16   Sesongopning, omvising
18.mai  kl 12 – 16 
25.mai  kl 12 – 16

1.juni    kl 11 – 16

 kl 11 – 12  Friluftsgudsteneste  
 kl 12 – 16 Tjorehagens dag
kl 12 – 16  Nordhordland kunstlag  utstilling 

8.juni kl 12- 16

15.juni   kl 12 -16 

Treng du lokaler til møter / selskap leiger vi ut hytta. sjå info om utleige.

Flott om de vil støtta hagen ved å betale inngangspengar  !
( Vipps nr 110032 , bankkonto : 3632.50.82725, eller kontant).
Info om dette finn de i hagen.

Velkommen  til ei god oppleving i Tjorehagen !