Kva skjer i Tjorehagen

Velkommen til JONSOK feiring i Tjorehagen

 23. juni klokka 18 til 22
Ta gjerne med grillmat.

Hagen stiller med grill og utstyr.
Alkohofritt arrangement.
Kafeen er open med sal av
rømmegraut, alkoholfritt øl, brus, is og kaffi.
* Levande musikk.
Det meste av Radøybæljen spelar opp til konsert frå klokka 20.00

Jonsok med grilling, graut  og musikk i Tjorehagen

Dei som vil, kan i år nyta jonsok-kvelden med heimelaga rømmegraut, grillmat og levande musikk i Tjorehagen.
Tjorehagen jonsok

* 25-30 prosent avslag på alle plantar i planteutsalet.
* Tak over hovudet.

Er vêret ikkje det beste, byr hagen på tak over hovudet i trivelege lokale, i kafeen,
huset og partytelt.

Velkommen til ein hyggeleg jonsokkveld
for godt vaksne !
For meir informasjon ring  95931280.
Billett kroner 100,-
(også for medlemmer i venneforeininga).

  • Veret vil naturleg nok spela inn på oppmøtet, men hagen har også tak over hovudet i trivelege lokale, påpeikar Rune Tjore og Hans E. Storheim.
  • Tjore, som hagen sin stiftar Olav Tjore var onkel til, har tatt på seg å diska opp med heimelaga rømmegraut. Den kan kjøpast i kafeen.
  • Dei som vil grilla, kan ta med seg råvarer og bruka grillar som hagen stiller til disposisjon.
  • Tilbod for «godt vaksne»

Hans E. Storheim, medlem i styret for venneforeninga, trur det nye tilbodet i hagen vil treffa ein del «godt vaksne», både på Radøy og andre stader.

  • Målet er å få ut dei som ofte vert sitjande heime. Samstundes er det truleg ein del som er ute på lokale arrangement som kan få med seg siste delen av samlinga i Tjorehagen, med konsert og gjerne ein tallerk rømmegraut, seier Storheim.
  • Årets nye arrangement på Radøy er alkoholfritt og vert arrangert av venneforeninga i samarbeid med stiftinga som eig og driv hagen.

Utebord
Arrangørane vil leggja seg i selen for at dei som kjem skal få nokre hyggelege timar.
Utan nedbør kan folk kle seg for å sitja ved uteborda i kafe-området. Der kan dei altså velja mellom å nyta medbrakt grillmat eller heimelaga rømmegraut frå kafeen, eventuelt begge delar!

  • Hagen er uansett klar med ein stor og nokre mindre grillar, pluss det som trengst av grillustyr, tallerkar og bestikk, opplyser Storheim og Tjore.

Lokale spelemenn
Litt utpå kvelden er det levande musikk ved tre av fire i den lokale gruppa «Radøybæljen»:John Bauge, Ivar Thorsheim og Magnar Kartveit vil ha vel ein halvtimes konsert ved kafeen.

  • Det var kjekt å få på plass lokale spelemenn. Me føler at dette er rette gjengen til å spela den musikken mange godt vaksne likar å høyra. Skulle nokon ikkje klara å halda dansefoten i ro, finn dei sikkert plass for ein svingom. Men hagen har så langt ikkje funne plass for ei danseplatting! smiler Storheim.

Tak over hovudet
Tilseier veret det, kan dei som vil finna seg plass anten under eit partytelt, i kafeen eller i huset til Olav Tjore. Både kafeen og huset er siste åra oppussa, og har totalt plass til vel 50 personar rundt småbord.

  • Hagen har siste åra hatt fleire konfirmasjonar og runde dagar, og det er kapasitet for fleire slike samlingar. Elles er håpet at jonsok-arrangementet i år kan gje ei ekstra inntekt til drift og utvikling av hagen. Med godt oppmøte kan dette fort verta ein tradisjon, seier Hans E. Storheim.

   ————————————————————————————–

Tjorehagen   2017

SESONG OPNING I HAGEN
SØNDAG 30.APRIL KL 12 – 16 
VELKOMMEN !

God bløming i hagen no ,mange av dei storblada artene står i blomst!

Hendingar framover:
Gudsteneste i hagen, søndag 21. mai kl. 11.00.
Tjorehagens Dag, søndag 28. mai klokka 12.00.

Hagen og kafeen er elles open alle søndagar frå opninga og fram til 18. juni, frå klokka 12.00 til 16.00.

Vi tar i mot grupper etter avtale heile veka !                                                                                   
ta kontakt !

Det er også mogleg å leiga lokale for mindre grupper og selskap.

Ta kontakt på tlf 92869033 / 95158756 / 56371040

 

 

 

 

Eventyrhagen på Radøy i Nordhordland !

Ein fredeleg oase med hundrevis av Rhododendron, eksotiske buskar og tre, idylliske stiar, fuglesong, dammar og ei vakker gråsteinsbru.

 Tjorehagen er livsverket til Olav Tjore, ein hage dei fleste kjem tilbake til gong etter gong etter først å ha vore der.

Hagen egner seg godt for ein dagstur saman med familie og venner, for pensjonistgrupper, lag og organisasjoner

* Hagen har ei eiga Venneforeing med kring 250 medlemmer. Hagen er i dag eigd og drevenav Stiftinga Tjorehag

 

* Hagen ligg sør i Radøy kommune, tett ved Rv 565. Etter Nordhordlandsbrua tek ein mot Radøy i Isdalstø krysset. Ein heldt fram over Alversund-brua, og ca 5,5 km nordover mot Manger finn ein hagen.

 

Dette innlegget ble publisert i Uncategorized. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *