Tjorehagen - |
||
Tjorehagen er livsverket til Olav Tjore, ein hage dei fleste kjem
tilbake til gong etter gong etter først å ha vore der. Leplanting gjorde hagen til ein lun oase som gav gode forhold for sjelden planter. Klimaet og den sure jorda gjorde hagen særleg eigna for Rhododendron.
Stiftinga har sidan 1998 eigd og stått for drift og vidareutvikling av hagen. Styret står også for den daglegdrifta i hagen. Styret
i Stiftinga Tjorehagen: STIFTINGA TJOREHAGEN e-mail : post (a)tjorehagen.no
|
![]() Fakta om Tjorehagen: * Ca 15 mål stor naturhage påbyrja av Olav Tjore i 1960. * Stiftinga Tjorehagen har i dag eit areal på ca 40 mål. * Ein stor og fleire små dammar. Idylliske stiar, som delvis er tilrettelagt for rullestolbrukarar. * I alt kring 2000 tre og buskar. Av dette opp mot 400 ulike Rhododendron typar, av desse fleire arter som er sjelden i skandinavisk samanheng. * Kring 20 fuglearter hekkar i hagen. * Ei steinbru ferdiggjort sommaren 1998 knyter saman den nye og den gamle delen av hagen. * Hagen har ei eiga Venneforeing med kring 250 medlemmer. Hagen er i dag eigd og dreven av Stiftinga Tjorehagen. * Hagen ligg sør i Radøy kommune, tett ved Rv 565. Etter
Nordhordlandsbrua tek ein mot Radøy i Isdalstø krysset. Ein heldt fram
over Alversund-brua, og ca 5,5 km nordover mot Manger finn ein hagen.
|
|